Reijo Vähälä
Reijo Vähälä | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 7. mars 1946 (78 år) Alajärvi |
Idrett | friidrett |
Reijo Untamo Vähälä (fødd 7. mars 1946) er ein finsk matematiar og tidlegare høgdehoppar frå Alajärvi. Han vann sølvmedaljen i høgdehopp ved EM i friidrett 1969 i Aten.
Vähälä vart finsk meister i høgdehopp 1996 med eit hopp på 2,04 meter. To år seinare forbetra han den finske høgderekorden med ein centimeter til 2,13 m. I den finske meisterskapen 1969 måtte han nøye seg med tredjeplass i høgdetevlinga. Under europameisterskapen i Aten i september 1969 forbetra han i finalen den nasjonale rekorden til 2.14 m, før han overraskande også svinga seg over den neste høgda 2,17 m. Ingen av dei tre utøvarane som klarte 2,17 m, tok seg over neste høgde, dermed hadde Vähälä vunne den mest uventa medaljen i finsk friidrett etter 2. verdskrigen.
I 1970 vann Vähälä med 2,12 m den finske meisterskapen i høgdehopp for andre gong. Ved EM i friidrett 1971 på finsk heimebane rauk han ut or tevlinga med 2,08 m i kvalifiseringa, 17 utøvarar klarte kvalifiseringshøgda på 2,12 m.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Reijo Vähälä» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Reijo Vähälä» frå Wikipedia på finsk, den 10. september 2019.