Nikolaj Krjukov
Nikolaj Krjukov | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 11. november 1978 (45 år) Voronezj |
Idrett | turn |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse |
Nikolaj Vjatsjeslavovitsj Krjukov (fødd 11. november 1978) er ein russisk tidlegare turnar frå Voronezj. Han vart verdsmeister 1999 i mangekamp og vann olympisk gullmedalje 1996 i lagtevlinga for Russland.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Frå 1996 til 2008 deltok Krjukov i ei rad olympiske sommarleikar og verds- og europameisterskap i turn. Han opna medaljesankinga då Russlands mannskap vann lagtevlinga ved Sommar-OL 1996 i Atlanta. Under Turn-VM 1997 tok han sølv i hopp og bronse i lagtevlinga. To år seinare sigra han i mangekampen ved Verdsmeisterskapen i turn 1999 i Tianjin, der han elles fekk ein sølvmedalje i lagtevlinga og bronsemedaljen på bøylehesten.
I Sydney-OL 2000 enda Russland og Krjukov på bronseplass i lagtevlinga. Han var så med på å vinne mix-lagtevlinga i EM 2001 i Riesa, året etter vart det sølv i mannskapstevlinga ved EM 2002 i Pátra. Sidan sikra han seg ein ny VM-bronse i bøylehest ved Turn-VM 2003. Åra 2005 til 2008 sanka han årleg seg ein sølv- eller ein bronsemedalje i anten europameisterskap eller verdsmeisterskap. Under EM 2008 var han ein av fem russiske turnar som gjekk til topps i lagtevlinga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nikolai Kryukov (gymnast)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nikolaj Krjukov i olympedia.org
- Einskildmenn
- Fødde i 1978
- Russiske turnarar
- Verdsmeistrar i turn
- Olympiske meistrar for Russland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Russiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Gymnastar under sommar-OL 1996
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Gymnastar under sommar-OL 2000
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Gymnastar under sommar-OL 2008