Nidhogg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nidhogg ved rota av Yggdrasil. Islandsk illustrasjon frå 1600-talet.

Nidhogg (norrønt Níðhǫggr) er ein stor, drakeliknande orm den norrøne gudetruasom held til ved eine rota til verdstreet Yggdrasil.[1] Nidhogg er omtalt i Voluspå og Grimnesmål i Den eldre Edda og hjå Snorre Sturlason i Gylvaginning i Den yngre Edda.

Ormen livnærer seg på «lik av daude». Han held til ved brunnen Kvergjelme, og prøver stadig å gnaga sund rota så treet skal rotna og døy. Men treet har ei eiga livskraft som gjer at det held seg oppreist og sterkt. Dessutan ausar dei tre nornene Urd, Verdande og Skuld livsgjevande vatn frå urdarbrunnen over røtene kvar kveld.[2]

Ekornet Ratatosk spring opp og ned i Yggdrasil og formidlar hatske ord mellom Nidhogg og ørna som sit i toppen av treet.[3]

Eit bilete av Nidhogg er gitt i siste strofa av Voluspå, etter volva har skildra den nye verda som kjem etter Ragnarok.

Kjem den dimme
draken fljugande,
fråne-orm, nedan
frå Nida-fjelli.
Ber lik i fjørom,
flyg yver voll
Nidhogg nåbleik.
No mun ho søkke.

Nidhogg er ein av dei som skal overleva Ragnarok.

  1. «Nidhogg» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Hansen, Jan Erik Ebbestad; Møller, Kari (1999). Norrøne myter og sagn. Gyldendal Fakta. s. 12. ISBN 82-05-25546-6. 
  3. Hansen & Møller 1999, s. 162.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]