Kvitnasebjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvitnasebjørn
Kvitnasebjørn
Kvitnasebjørn
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kvitnasebjørn
Utbreiinga av kvitnasebjørn
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Hundeliknande rovpattedyr
Familie: Halvbjørnfamilien Procyonidae
Slekt: Nasua
Art: Kvitnasebjørn N. narica
Vitskapleg namn
Nasua narica

Kvitnasebjørn (Nasua narica) er ein medlem av halvbjørnfamilien (Procyonidae) og ein av fire artar av nasebjørnar i familien. Dyra er utbreidde frå det sørlege USA gjennom Mexico og Mellom-Amerika til det nordlege Colombia.

Kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Kvitnasebjørnen har ein hode-kropp-lengde på gjennomsnittleg 63 centimeter, ei halelengd på rundt 50 centimeter, og ei total lengd på 80 til 130 centimeter. Lengda på bakfoten er 9,5 til 12,2 centimeter, og vekta er rundt tre til fem kilo. Han har den karakteristiske lange, rørlege snuten som er typisk for nasebjørnar og sit på eit avlangt hovud. Pelsen er vanlegvis gråbrun med ein sølvaktig nyanse, spesielt på armane. Ansiktet er også gråbrunt med eit kvitt band på snuten nær nasen. Over og under auga, og dessutan på kinna, finst det kvite flekker, som skil arten frå ringhala nasebjørn (Nasua nasua) og fjellnasebjørn (Nasuella olivacea). Også på halsen og buken finst det kvite område.[1][2][3]

Føtene er mørkare enn resten av kroppen, nesten svarte, og har nakne solar. Forføtene har lange, bua klør. Dyra trør på heile foten (plantigrade), og forbeina er litt kortare enn bakbeina. Den lange halen, som blir tynnare mot enden, har ringforma mønster, men dette mønsteret er svakare enn hos ringhala nasebjørn. Halen er oppreist når dyret spring.[1][2][3]

Skallekjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]
Hovudskalle frå Museet i Wiesbaden

Skallen til kvitnasebjørnen har ei total lengd på 10,7 til 13,4 centimeter og ei maksimal breidd på 5,0 til 7,4 centimeter. Som alle nasebjørnar har dei tre fortenner (incisivi), ei forlengd hjørnetann (caninus), fire premolarar og to molarer i kvar halvdel av over- og underkjeven. Totalt har dei 44 tenner. Jekslane har berre flate emaljelag og er mindre enn hos fjellnasebjørnen og vaskebjørnane (Procyon). Hjørnetennene er mindre markerte, og når munnen blir lukka, glir dei øvre og nedre hjørnetennene forbi kvarandre og står i kontakt.[2]

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Kvitnasebjørnen har det nordlegaste utbreiingsområdet av nasebjørnartane. Det strekkjer seg frå det sørlege USA (Arizona, Texas og New Mexico) gjennom Mexico og Mellom-Amerika til det vestlege Colombia.[3] Det finst dokumentasjon på vidare utbreiing i Sør-Amerika: i nordvestsida av Sierra Nevada de Santa Marta, nordaust i Colombia,[4] i Buenaventura-reservatet heilt sørvest i Ecuador,[5] og elles lengst nord i Ecuador.[6]

Kvitnasebjørnen lever oftast i skogsområde, men vel ulike habitat, frå tropiske regnskogar til fjellskogar.[3]

Kvitnasebjørnar lever både i tre og på bakken. Når dei rører seg rundt på bakken, held dei halen oppreist, medan han i trea blir hovudsakleg brukt for balanse. Vaksne hannar er nokre gonger nattaktive, men vanlegvis er desse dyra, i motsetning til dei fleste vaskebjørnar, dagaktive. Hoer og ungdyr lever i grupper på fire til 20 individ, medan hannane er einslege. Hannane er territoriale og forsvarer territoria sine på 70 til 270 hektar kraftig mot andre hannar. Gruppene av hoer og ungdyr viser mindre territorial åtferd.

Naturlege fiendar inkluderer kattedyr, rovfuglar og store slangar.

Kvitnasebjørnar er altetande, men dei et hovudsakleg insekt. I tillegg et dei edderkoppar, skorpionar, krabbar og små virveldyr, og dessutan frukt og andre plantar.

Reproduksjon

[endre | endre wikiteksten]

Paringstida er i februar eller mars. På dette tidspunktet tillèt ei gruppe ein hann å nærme seg. Hannen underkastar seg hoene gjennom pelspleie og anna underdanig åtferd, deretter parar han seg med alle hoer før han blir driven bort igjen.

Etter cirka 77 dagars drektigheit føder ei hoe to til sju ungar. Ved fødselen lagar ho eit reir av blad i trea og trekkjer seg tilbake frå gruppa. Ungane er fødde blinde og dekt av mørkegrå dun. Dei blir avvende ved fire månaders alder, er fullt utvakse ved 15 månader og blir kjønnsmodne rundt to år. På dette tidspunktet blir hannane drivne ut av gruppa. Nasebjørnar kan bli opptil 17 år gamle.

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Kvitnasebjørnen blir rekna som ein sjølvstendig art innanfor nasebjørnslekta Nasua, som består av to artar. Den vitskaplege førsteskildringa vart gjort av Carl von Linné i 1766, som beskreiv den som narica i si 12. utgåve av Systema Naturae. I 1803 vart arten av Étienne Geoffroy Saint-Hilaire plassert i slekta Nasua, som først vart skildra av Gottlieb Conrad Christian Storr i 1780.

Nasebjørnen som lever på Cozumeløya, Nelsons nasebjørn (Nasua nelsoni, syn.: Nasua narica nelsoni), blir delvis vurdert som ein underart av kvitnasebjørnen, men nokre gonger også som ein eigen art med omstridd status.[7][8]

Status og vern

[endre | endre wikiteksten]

Kvitnasebjørnen blir vurdert av Verdas naturvernunion (IUCN) som livskraftig (LC), og bestandane blir rekna som stabile. Dette blir grunngitt med det relativt store utbreiingsområdet og regelmessige førekomstar. Lokalt er arten delvis trua av tap av habitat og jakt, men nedgangen er ikkje så stor at han truar bestandane.[9]

Dei blir sjeldan jakta av menneske, sidan dei ikkje gjer skade på plantasjar og pelsen er verdilaus. I dei siste åra har dei utvida utbreiingsområdet nordover.

  • Denne artikkelen bygger på «Weißrüssel-Nasenbär» frå Wikipedia på tysk, den 16. oktober 2024. Artikkelen gav følgjande kjelder:
    • R. Kays: White-nosed Coati, Nasua naruca. I: Don E. Wilson, Russell A. Mittermeier (Hrsg.): Handbook of the Mammals of the World. Volume 1: Carnivores. Lynx Edicions, Barcelona 2009, ISBN 978-84-96553-49-1, S. 527–528.
    • Matthew E. Gompper: Nasua narica. Mammalian Species 587, 27. Juni 1995; S. 1–10. ((PDF))
Referansar
  1. 1,0 1,1 R. Kays, S. 527–528.
  2. 2,0 2,1 2,2 Matthew E. Gompper: Nasua narica. Mammalian Species 587, 27. Juni 1995; S. 1–10. (PDF-fil)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Jonathan Marceau: Nasua narica, white-nosed coati im Animal Diversity Net, 2001; henta 16. oktober 2024
  4. Salcedo-Rivera, Gerson A.; Rodríguez, Alberto Mario; Carrascal-Prasca, Dairo; Granados-Peña, Ramón; González-Maya, José F. (2022). «Confirmation of the current occurrence of Nasua narica (Procyonidae) in the Caribbean region of Colombia». Neotropical Biology and Conservation (Pensoft Publishers) 17: 21––28. doi:10.3897/neotropical.17.e70352. 
  5. Torres-Porras, Jerónimo; Cobos, Marlon; Seoane, Josém Manuel; Aguirre, Nikolay (2017). «Large and medium-sized mammals of Buenaventura Reserve, southwestern Ecuador.». Check List 13. doi:10.15560/13.4.35. 
  6. «Important Bird Areas factsheet: El Ángel - Cerro Golondrinas and surrounding areas». BirdLife International. Henta 16. oktober 2024. 
  7. Alfredo D. Cuarón, Miguel Angel Martínez-Morales, Katherine W. Mcfadden, David Valenzuela, Matthew E. Gompper: The status of dwarf carnivores on Cozumel Island, Mexico. Biodiversity & Conservation 13 (2), Februar 2004; S. 317–331. doi:10.1023/B:BIOC.0000006501.80472.cc, (PDF-fil)
  8. D. M. Decker: Systematics Of The Coatis, Genus Nasua (Mammalia, Procyonidae). I: Proceedings of The Biological Society of Washington, 1991, 104: 370-386.)
  9. Cuarón, A.D.; Helgen, K.; Reid, F.; Pino, J.; González-Maya, J.F. (2016). «Nasua narica». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T41683A45216060. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-1.RLTS.T41683A45216060.en. Henta 16. oktober 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ailurus
Commons har multimedium som gjeld: Kvitnasebjørn