Gunnar Johnsen
Gunnar Johnsen | |||
Fødd | 28. mai 1924 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 10. februar 2001 (76 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, journalist, redaktør | ||
Barn | Gunnar Johnsen | ||
Alle verv |
|
Gunnar Johnsen (28. mai 1924–10. februar 2001) var ein norsk pressemann og Høgre-politikar frå Oslo.
Johnsen tok examen artium i 1944 og studerte filologi ved Universitetet i Oslo 1946-49. Deretter var han journalist i Sandefjords Blad. Via Høgres Pressebyrå vart han i 1954 tilsett som politisk journalist i Drammens Tidende og Buskeruds Blad, politisk redaktør 1961-77 og sjefredaktør i avisa frå 1977 til 1992.
Johnsen var medlem av Drammen bystyre 1959–63 og av Drammen skulestyre 1960–72, medlem av Buskerud fylkesskulestyre 1964–75. Han var medlem av landsstyret og sentralstyret i Høgre 1968–78 og formann i Buskerud Høgre 1970–78.
Han representerte Buskerud og Høgre på Stortinget 1973–77, men sa frå seg attval då han vart boden stillinga som sjefredaktør i Drammens Tidende og Buskeruds Blad. På Tinget var han medlem av Forsvarskomiteen.