Fylkesveg 76
Fylkesveg 76 | |||
---|---|---|---|
76 | |||
Strekning | |||
Grane – Brønnøy | |||
Informasjon | |||
Lengd | 88,0 km | ||
Tilstøytande vegar | |||
Restriksjonar | |||
Kolonnekøyring om vinteren |
Tosenfjellet |
- Sjå òg fylkesveg 76 (fleirtyding)
Fylkesveg 76 (Fv76 eller Tosenvegen) er ein veg i Nordland. Vegen er 88 km og går vest-aust mellom Brønnøysund i Brønnøy kommune og Vasselv i Grane kommune.
Dei største bygdene langs vegen er Tosbotn og Hommelstø. Tosenvegen er eit tverrsamband mellom kysten og det indre av Helgeland, vegen sikrar òg Sør-Helgeland ein lett tilkomst til E6. Vegen er stadvis smal og svingete. Dei farlegaste partia rundt Tosbotn vart utbetra sommaren 2004.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Vegen mellom Skillebotn og Hommelstø stod ferdig på 1930-talet. I 1938 vart bygginga av vegen Lande-Tosbotn-Svenningdal starta. Vegen stod ferdig til Enget ved Tosenfjorden i 1957 og til Tosbotn i 1964. Bygginga av strekninga mellom Tosbotn og Svenningdal vart starta i 1978, og vegen vart opna i 1987.
Tidl. RV803.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]- Fv54 frå Brønnøysund via Brønnøysundbrua til Inner-Torget, Torghatten
- → Flyplassvegen frå Tautra til Brønnøysund lufthamn
- Brønnøysund → Hurtigruta, bilar kan takast med.
- 17 Mossem
- 17 Skillvika, felles trasé til Mossem
- Arm til Hommelstø (0,7 km)
- Fv46 frå Hommelstø til Naustviksjøen (1,6 km)
- Fv48 frå Rønningstad til Hongset (9,2 km)
- Fv49 frå Aksetåsan til Nevernes (6,1 km)
- Dagslåttunnelen (170 m) Kom etter at Hesthagtunellen blei sprengt bort. Opna i juli 1998.
- Hundflågtunnelen (29 m) Sprengt bort 9. januar 2004.
- Hevelen tunnel (68 m)
- Tosbotn
- Tosentunnelen (5857 m)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Erling Svanberg: Langs veg og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5