Elling
Hopp til navigering
Hopp til søk
Elling er eit norsk mannsnamn, ei form av Erling som har norrønt opphav. Erlingr tyder truleg 'jarleætling'. Namnet er også kjend som slektsnamn.
Elling og Erling har namnedag i Noreg den 19. juni.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Elling Eielsen (1804-1883), luthersk kyrkjeleiar
- Elling Holst (1849-1915), norsk matematikar og barnebokforfattar
- Elling M. Solheim (1905-1971), norsk diktar
- Elling Kvamme (f. 1918), norsk medisinar
- Elling Reitan (f. 1949), norsk kunstnar
- Elling Borgersrud (f. 1975), norsk rappar (Gatas Parlament), også kjend som Elling Batman Zedong
Slektsnamn
[endre | endre wikiteksten]- Jens William Ægidius Elling (1861–1949), norsk oppfinnar
- Lars Elling (f. 1966), norsk kunstnar
- Kurt Elling (f. 1967), USA-amerikansk jazzsongar
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]Elling-serien av Ingvar Ambjørnsen, ein bokserie som også er blitt filmatisert, har ein hovudperson som heiter Elling.
«Ellingkvinna» er ei nemning på eit myrlik funne nær Tollundmannen utanfor Silkeborg i Danmark.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elling (navn)» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2009.