Koordinatar: 59°54′51.440″N 10°44′34.562″E / 59.91428889°N 10.74293389°E / 59.91428889; 10.74293389

Akersgata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

59°54′51.440″N 10°44′34.562″E / 59.91428889°N 10.74293389°E / 59.91428889; 10.74293389

Akersgata
veg
Land  Noreg
Kommune Oslo
Stad Sentrum, Kvadraturen, Hammersborg
Kart
Akersgata
59°54′57″N 10°44′43″E / 59.91588889°N 10.74513889°E / 59.91588889; 10.74513889
Wikimedia Commons: Akersgata

Akersgata er ei gate i Oslo som går frå Akershus festning til Hammersborg, der ho deler seg og går over i Akersveien og Ullevålsveien. Akersgata er om lag 900 meter lang og følgjer Akerryggen, høgdedraget som byrjar på Akersneset og går vidare nordover langs Hammersborg og til Gamle Aker kyrkje.

Akersgata i Oslo sett i sørleg retning frå Y-blokka. Bygningen bak trea til venstre hyser Finansdepartementet, og den boga bygningen til høgre hyser fleire andre departementskontor.

Stortingsbygningen ligg med baksida mot Akergata, med eit nytt tilbygg frå 1950-talet langs gata. I 2013 vart Akersgata stengd med bommar på strekninga forbi Stortingsbygningen. I Akersgata ligg òg mykje av Regjeringskvartalet, mellom anna Finansdepartementets bygg i nr 40.

Fleire bygg langs Akersgata vart skada ved bombeåtaket på regjeringskvartalet 22. juli 2011.

Trefoldighetskirken, Akersgata 60.

Akersgata var tidlegare avisgata i Oslo og dei fleste store avisene helt til der. Etter at Aftenposten i 2003 flytta til Posthuset rett ved Oslo Sentralstasjon og Dagbladet i 2008 flytta til Hamnelageret, vart berre Verdens Gang att i Akersgata. Men i 2014 flytta Aftenposten attende til gata, men inn hjå Verdens Gang, ikkje inn i sitt gamle hus.

Andre viktige bygg langs Akersgata:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]