Jorunn Tangen Hole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jorunn Tangen Hole
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1961 (63 år)
Idrett friidrett

Jorunn Tangen Hole (fødd 17. juni 1961) er ein norsk tidlegare diskoskastar som i 1981 vart norsk meister i øvinga. I åra frå 1979 til 1998 tok ho 17 medaljar (1-9-8) i norske meisterskap.

Jorunn Tangen kom på tredjeplass i noregsmeisterskapen i friidrett både i 1979 og 1980. Med eit bestekast på 48,66 meter sikra ho seg gullmedaljen då NM i friidrett 1981 vart avvikla i Haugesund. Sidan sanka ho nesten årleg anten sølv- eller bronsemedaljen i noregsmeisterskap. Frå 1984 måtte Tangen finne seg i å stå i skuggen av Mette Bergmann, tidenes beste norske kvinnelege diskoskastar som vann 17 NM-finalar i rad.

Jorunn Tangen Hole var medlem i IF Sturla til 1995, sidan i Røyken og Spikkestad. Ho sette personleg rekord med 52,64 meter ved eit nasjonalt stemne i Spikkestad 7. september 1988, einast fem norske kvinner hadde kasta lengre per 2020.

I 1987 gifta Jorunn Tangen seg med trenaren sin, Iver Hole.