149 Medusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
149 Medusa
Oppdaging
Oppdaga avHenri Joseph Perrotin
Oppdagingsdato21. september 1875
Baneskildring
Epoke 31. desember 2006 (JD 2454100,5)
Aphel346,542 mill. km (2,316 AE)
Perihel304,026 mill. km (2,032 AE)
Eksentrisitet0,065
Banehelling0,937°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar19,7 km
Masse8,0×1015 kg
2,0 g/cm³
0,0104 km/s
? d
Albedo0,10

149 Medusa er ein asteroide i hovudbeltet. Han er av S-typen og lys i fargen.

Han blei oppdaga av J. Perrotin den 21. september 1875 og namnsett etter gorgonaren Medusa, eit monster med hår av slangar i gresk mytologi.

Då han blei oppdaga var Medusa den desidert minste asteroiden ein kjende til, sjølv om dette ikkje var kjent på denne tida. Sidan då har tusenvis av mindre asteroidar blitt funne. Medusa var òg den mest solnære asteroiden oppdaga så langt, og slo rekorden som 8 Flora hadde halde lenge. Han fortsette å vera den næraste asteroiden til Sola inntil 433 Eros og 434 Hungaria blei oppdaga i 1898 og som leidde til oppdaginga av to nye asteroidefamiliar innanfor 4:1 kirkwood-gapet som utgjer den indre grensa til hovudbeltet.

Medusa har ein heller lang rotasjonsperiode på 26 timar.