Koordinatar: 68°14′50″N 13°45′13″E / 68.24722°N 13.75361°E / 68.24722; 13.75361

Borg i Lofoten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. august 2014 kl. 18:12 av TjodLeif (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

68°14′50″N 13°45′13″E / 68.24722°N 13.75361°E / 68.24722; 13.75361

Stolperadane markerar plasseringa av dei stolpehola etter huset som vart avdekka under den arkeologiske utgravinga, og som har gjeve grunnlaget for rekonstruksjonen av huset på ein annan stad enn der funna vart gjort.
Det rekonstruerte høvdinghuset på Borg i Lofoten
Høvdinghuset i sine omgjevnader

Borg er eit høvdingsete i Nordland frå vikingtida i Vestvågøy kommune, Nordland, på nordsida av Vestvågøya i Lofoten. Her grov nordiske arkeologar i 1980-åra ut spora og leivningane etter eit 83 meter langt hus (700 m2), det største huset som er kjent frå vikingtida. Huset har vore av tre, men på utsida var det ein ekstra vegg av torv, 1,5 meter brei nedst. Huset har tent både som bustad, fjøs og gildehall. Det var delt i fem rom, fjøset og gildehallen låg i dei to største romma. I fjøset har det vore rom for 50 kyr. Vikingmuseet Lofotr held frå 1995 til i ein rekonstruksjon av vikingtidshuset.

Nede ved sjøen er det påvist tufter etter fleire store naust, det største 26 meter langt.

Borg merkjer seg også ut ved kvaliteten på dei funne gjenstandane. I gildehallen, som er den einaste kjente frå norsk vikingtid, er det funne gullgubbar, importert keramikk og eksklusivt glas. Det økonomiske overskotet på Borg skriv seg truleg frå handel med varer frå Nord-Noreg, som pelsverk og kvalrosstenner.

Dei arkeologiske utgravingane synte at det har vore eit lokalt religiøst og sosialt maktsentrum på Borg allereie i eldre jarnalder. Frå denne tida vart det funne eit felt med kokegropar (gropar i jorda der innpakka kjøt vart kokt ved å leggjast saman med oppvarma stein og verte overdekt med jord) som tyder på at folk har samla seg her til religiøse festar der dei gjorde ofringar til maktene og åt i lag. Spora og leivningane etter den eldste versjonen av høvdinghuset på staden er tidfesta til 500-talet e.Kr. Staden var altså etablert som eit sentrum då dette høvdinghuset vart bygd.

Det grunn til å rekne med at garden var eigd av ei velhavande og mektig høvdingætt då høvdinghuset vart ombygd og gjort lengre, som på grunnlag av funna er tidfesta til 700-talet. I gildehallen har høvdingen stått for gjestebod og blot (ofringar til guddommane), og hatt høvdingar frå ikringliggjande område og storbønder frå gardane i distriktet som gjester. For å knytte til seg trufaste medhjelparar og partnarar måtte høvdingen ikkje berre vere rik, men òg dele raust av sin rikdom. Han har inngått alliansar med andre mektige menn for å kunne halde seg ved makta, og kravd inn skatt i form av naturalia av dei folka han hadde under seg. Som motyting har han sytt for eit maktsystem som verna samfunnet, og elles organisert ymse fellestiltak til føremon for folket, mellom anna den offentlege dyrkinga av guddommane ved å stå for gjennomføringa av seremoniar av ulike slag. På dette viset samla han seg alliansepartnarar, makt og rikdom.

Kjelder

«Borg – høvdingsete i Nordland» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Borg i Lofoten