Henning Warloe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 7. februar 2013 kl. 02:02 av 178.232.138.36 (diskusjon)
Hopp til navigering Hopp til søk
Henning Warloe talar under dagen til bogekorpsa 20. mai 2006

Henning Warloe fødd 24. mars 1961 i Bergen er ein norsk politikar frå Høgre. Han er fødd og voks opp i Bergen. Warloe er utdanna befal. Han er også utdanna ved Norges Handelshøyskole. Utanfor politikken har Henning Warloe vore dagleg leiar for eit eige firma, og var ein av stiftarane av Ferieklubben i Bergen. Ved stortingsvalet 2009 vart Warloe valt inn på Stortinget frå Hordaland.

I valperioden 2003–2007 var Warloe byråd for finans, kultur og næring i Bergen kommune. Frå 2007 var han byråd for kultur, idrett og næring, i tillegg at han sidan utreiinga til Framstegspartiet frå byrådssamarbeidet våren 2009 også har fungert som byråd for finans, konkurranse og utvikling fram til han måtte trekkje seg for å tiltre på Stortinget. I perioden 2. juni 2006–31. januar 2007 fungerte Warloe som byrådsleiar då Monica Mæland hadde barselpermisjon. Han var nestleiar i Hordaland Høgre frå 2007 til mars 2012.

Ein av hobbyane til Henning Warloes er trylling, og i 2008 vart han valt til president i Magiske Cirkel Norge, ein landsomfattande samskipnad for tryllekunstnarar.

Etter ein politaksjon i stortingsbustaden hans i mars 2012 vart Warloe gripen av politiet og sikta for innehav av narkotika og brukarutstyr.[1] Kort tid etter trekte han seg grunna politisaka frå alle politiske verv, med unntak av representasjonen på Stortinget. I løpet av året var Warloe ei rekkje gongar i media. Ei veke etter pågripinga innrømma han at narkomisbruket hadde pågått over ei lengre tid, og i eit lengre VG-intervju stadfesta han å ha rusa seg på narkotikastoffa amfetamin, kokain, GHB og Ecstasy i gjennomsnitt annankvar helg i eit år. Seinare same år skulda Warloe poltiadvokat Bjørn Pettersen ved Romerike politidistrikt for å vere inhabil. I november 2012 vart siktinga utvida til også å gjelde kjøp og bruk av narkotika.[2] Under rettsaka i Oslo tingrett 4. februar 2013 nekta Warloe for kjøp av narkotika, men innrømde bruk. Aktor la ned påstand om 26 dagars betinga fengsel med prøvetid på 2 år. Dom i saka fall 6. februar, og Henning Warloe vart dømd til 18 dagars fengsel på vilkår, med ei prøvetid på 2 år. Mykje av bevisføringa i saka dreidde seg om meldingar sende frå profilen til Warloe på nettstaden Gaysir. Warloe tar ikkje attval til Stortinget i 2013.[3]

Stortingskomitear

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Henning Warloe

Fotnotar

  1. Blindheim, Anne Marte (4. februar 2013). «Narkochattet på homonettsted». Dagbladet. Henta 5. februar 2013. 
  2. Tønder, Finn Bjørn (1. november 2012). «Warloe tiltalt for bruk og kjøp». Bergens Tidende. Henta 5. februar 2013. 
  3. Klungtveit, Harald S (6. februar 2013). «Avslørt av narkosex-meldinger på homonettsted». Dagbladet. Henta 6. februar 2013.