Sjørose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 14. mars 2011 kl. 22:43 av TjodLeif (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjørose eller sjøanemone (Actiniaria) er koralldyr som er utan skjelett, vanlegvis relativt store, festa til stein og fjell med ein fot, og då dei har ei mengd fangarmar eller tentaklar, ser desse dyra ut som vakre, fargerike blomar. I alle hav finst det slike dyr. Fleire artar er å sjå på grunt vatn langs norskekysten, ofte i straumharde strok. Arten hestesjørose eller hesteaktinie, òg kalla svabergsjørose, styggmannsblod, er ei raud sjørose som finst langs Mørekysten. Purpurraud eller grøn sjørose, Actinia equina, om lag ti cm høy, er vanleg på stein og fjell i fjøra frå Stavanger og nordetter.

Sjørosene (sjøanemonene) lever av å fange smådyr ved hjelp av lammande nesleceller på fangarmane og føre byttedyra til ei munnopning mellom armane.